Hopp til innhold

Giftig gasslekkasje i Fredrikstad

Det er meldt om utslepp av den giftige gassen ammoniakk frå næringsmiddelselskapet Brynildsgruppen i Mosseveien 1 i Fredrikstad.

Politiet i Aust melder klokka 15.50 at det er snakk om ein mindre lekkasje og at dei jobbar med å stanse den. Det er liten risiko for spreiing.

I ei oppdatering klokka 16.07 skriv politiet at lekkasjen er stoppa. Dei luftar no ut og det er ikkje lenger naudsynt å ta forholdsreglar for bebuarar i nærleiken. Saka vil etterforskast.

Politiet fekk beskjed om hendinga klokka 15.11. Dei bad folk om å halde seg vekke frå området, samt at bebuarar burde halde dører og vindauge stengt og slå av eventuell ventilasjon.

– Dersom du ikkje er heime i området, vent med å reise heim, skreiv politiet på Twitter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no