Ghani skal møta Biden

Afghanistan sin president Ashraf Ghani skal fredag møta USA sin president Joe Biden i Det kvite hus, samstundes som tilbaketrekkinga til amerikanarane går føre seg. Det skriv NTB.

Ghani reiser til Washington saman med Abdullah Abdullah, som har ansvaret for fredsforhandlingane med opprørsrørsla Taliban.

– Besøket frå Ghani og Abdullah vil framheva det varige partnarskapet mellom USA og Afghanistan samstundes som nedtrappinga held fram, seier talsperson Jen Psaki søndag.

Biden har beordra tilbaketrekking av alle USA sine styrkar frå Afghanistan innan 20-årsdagen for terrorangrepa 11. september 2001.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no