Hopp til innhold

George Clooney ber Biden trekka seg

Hollywood-stjerna George Clooney, ber USAs president Joe Biden om å trekka seg som demokratane sin presidentkandidat for 2024-valet. Det kjem fram i eit meiningsinnlegg skodespelaren sjølv har skrive i New York Times.

Clonney er ein stor bidragsytar til demokratane sine valkampanjar. Han skriv også at han er ein god ven av Biden, og at han elskar han, både som senator, visepresident og president.

– Men den eine kampen han ikkje kan vinne er kampen mot tida. Ingen av oss kan det, skriv Clooney og legg til at ein ikkje kan sjå vekk i frå det faktum at Biden er blitt for gammal til ein ny runde som president.

George Clooney, her avbildet i Tyskland i september, vil sammen med kolleger spytte inn et beløp tilsvarende over 1,6 milliarder kroner for å få slutt på streiken.
Foto: Rolf Vennenbernd / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no