Hopp til innhold

Gaza: Minst 42 drepne i eit nytt åtak

Helsestyresmaktene på Gazastripa opplyser til nyheitsbyrået Reuters at minst 42 personar blei drepne i israelske åtak i Gaza by.

Åtaka skal ha skjedd i bydelane Al-Tuffah og Al-Shati. Det fortel Ismail Al-Thawabta, sjefen for pressekontoret til styresmaktene, til Reuters.

Det israelske forsvaret skriv på Telegram at dei har gått til åtak på to Hamas-mål i Gaza by.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no