Hopp til innhold

Gaza: Luftangrepet vil vare i ei veke

Israel sin hær førebur seg på at luftangrepet i Gaza vil vare i ei veke.

Det er foreløpig ikkje forhandlingar om våpenkvile med militantar frå Islamsk Jihad, seier ein talsperson for hæren til nyheitsbyrået AFP.

Minst ti er drepne i det israelske angrepet fredag, inkludert ein toppleiar av Islamsk Jihad.

– Israelarane vil betale ein høg pris for deira nylege brotsverk, seier generalmajor Hossein Salami i den iranske revolusjonsgarden, ifølge nyheitsbyrået Reuters.

Det sa han i møte med leiaren av Islamsk Jihad, Zyad al-Nakhala, som for tida er i Iran.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no