Hopp til innhold

Gav kula som drap Al Jazeera-journalist til amerikanske rettsmedisinske ekspertar

Palestinske styresmakter overleverte kula som drap Al Jazeera-journalisten Shireen Abu Akleh til amerikanske rettsmedisinske ekspertar i dag. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Palestinske styresmakter blei forsikra om at det ikkje ville bli gjort nokon modifikasjonar på kula som drap Abu Akleh 11. mai.

Abu Akleh blei drepen under eit israelsk raid på den okkuperte Vestbredden.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no