Hopp til innhold

Går mot streik i oljebransjen

Frå midnatt vil truleg nøkkelpersonell ved fleire av Equinors plattformer bli tekne ut i streik.

– Det vil nok med all sannsyn blir set i verk streik, fortel forbundsleiar Audun Ingvartsen i fagforeininga Lederne til NRK i dag.

Streiken vil først ramme Equinors plattformer Gudrun, Oseberg Aust og Sør. Lederne reknar med at produksjonen då må stenge ned.

Blir det ingen løysing, vil også produksjonen på plattforma Aasta Hansteen bli råka frå og med natt til onsdag, fortel Ingvartsen.

– Det har vore dialog, men ikkje noko konkret. Me har ikkje mykje val der me er no, seier Ingvartsen.

Ein streik vil innebere at om lag 13 prosent av den totale gassproduksjonen på norsk sokkel fell bort, opplyste Norsk olje og gass i går. Streik fører også til tapt oljeproduksjon på 130.000 fat om dagen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no