Går inn for oljestans i Arktis

EU-kommisjonen går inn for stans i oljeaktiviteten i Arktis og truar òg med å setje ein stoppar for import av olje og gass som stammar derfrå.

I sin nye politikk går EU inn for at olje, gass og kol blir liggande under jorda.

Kommisjonen skal opne eit nytt kontor på Grønland og setje inn EU-midlar for å fremje berekraftig utvikling, bidra til dialog og internasjonalt samarbeid, og støtte berekraftig utvikling i regionen.

– Arktis varmast opp tre gongar så raskt som resten av planeten. Smelting av is og tining av permafrosten i Arktis bidrar til å setje fart på klimaendringane og har enorme konsekvensar, seier EU-kommissær for miljø, hav og fiskeri, Virginijus Sinkevicius.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no