Hopp til innhold

G7-landa er uroa for Midtausten

G7-landa er djupt uroa over situasjonen i Midtausten. Det kom fram i eit møte mellom utanriksministrane i det internasjonale forumet i dag.

Italia sin utanriksminister Antonio Tajani seier dei oppmodar partane til å avstå frå handlingar som kan stå i vegen for dialog, melder AFP.

Italia har formannskapet i G7, som i tillegg består av Frankrike, Japan, Tyskland, Storbritannia, USA og Canada.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no