Fury forsvarte tungvektstittelen

Britiske Tyson Fury (33) vann oppgjeret mot amerikanske Deontay Wilder (35) i Las Vegas i natt.

Fury vann på knockout i 11. runde, og beheldt dermed tittelen som verdsmeister i tungvekt-klassen.

Dette var tredje gang Fury og Wilder møttest i bokseringen. I 2018 enda det uavgjord og i 2020 vann Fury med knockout i sjuande runde.

– Det var ein bra kamp. Det var verdig ein kvar trilogi i sportens historie. Han er ein toppfighter, og han gav meg ein skikkeleg test i kveld, sa Fury i etterkant av sigeren i natt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no