Hopp til innhold

Fullvaksinerte innlagt på sjukehus

Av dei som har blitt innlagt på sjukehus i England smitta med delta-varianten av koronaviruset, var 22,8 prosent fullvaksinerte. 58,3 prosent var uvaksinerte.

Det oppgir den engelske folkehelsemyndigheita i ei ny risikovurdering.

Totalt 3692 personar i England har blitt innlagt på sjukehus smitta med delta-varianten. R-talet er estimert til å vere mellom 1,2 og 1,4 den siste veka, medan éin av 75 no er smitta i landet.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no