Hopp til innhold

Fukushima-toppar må betale giganterstatning etter atomkatastrofen

Tidlegare sjefar for atomkraftverket i Fukushima er beordra til å betale 13 billiarder yen, over 970 milliardar kroner, i erstatning etter katastrofen i 2011.

Ein domstol i Japans hovudstad Tokyo slo onsdag fast at dei fire tidlegare sjefane for Tokyo Electric Power Company (TEPCO) må betale milliarderstatninga, etter eit søksmål frå overlevande og aksjonerar i Fukushima.

Tre av Fukushima Daiichi atomkraftverks seks reaktorar var i drift då eit massivt undersjøisk skjelv utløyste ein øydeleggjande tsunami i mars 2011. (NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no