Hopp til innhold

Fryktar kaos med vaksinepass

Det er frykt for kaos og opptøyar når Italia frå fredag krev vaksinepass av alle tilsette for å sleppe inn på arbeidsplassen.

Over 85 prosent av italienarane over tolv år har teke minst ein dose koronavaksine, og får dermed eit gyldig vaksinepass.

Men framleis er det rundt 2,5 millionar av totalt 23 millionar sysselsette i både offentleg og privat sektor som ikkje er vaksinerte, og som derfor risikerer å bli nekta åtgang til arbeidsplassen sin.

Uvaksinerte kan framleis få vaksinepass dersom dei har hatt covid-19 eller testar negativt, men dei må då teste seg annankvar dag på eiga rekning.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no