Fryktar inkassoboom

Geir Grindland i Inkasso Partner fryktar inkassoboom etter dei høge straumrekningane den siste tida. – Det hastar å hjelpe både einslege, dei med lav inntekt og småbarnsfamiliar som ikkje har bustøtte med straumrekninga, for å unngå å lage fleire gjeldsslavar, seier han.

Grindland seier det er fantastisk at 66.000 får hjelp, men at det er stadig fleire som ikkje klarar å betale straumrekninga og som dei forventa kjem til å gå til inkasso. Straumrekninga er vanlegvis noko folk prioriterer, men Grindland meiner at prisar på dette nivået legger eit stort press på folk.

– Mange med lågare inntekter har ikkje ekstra pengar å bruke, som til dømes dei permitterte, seier han.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no