Fryktar fire døde i brann
Politiet stadfestar at det er ein familie med to vaksne og to mindreårige barn dei fryktar har mista livet i ein brann utanfor Drammen måndag morgon.
– Slik det ser ut er det dessverre ikkje håp om at nokon har overlevd brannen, seier politistasjonssjef ved Drammen politistasjon, Øyvind Aas, i ei pressemelding.
Han seier politiet har vore i kontakt med pårørande, og at kriseteamet i kommunen følger opp desse.