Hopp til innhold

Fritidsbåt kantra utanfor Eigersund – tre gutar berga

Hendinga skjedde ved Søragabet, i sjøen utanfor Eigersund i Rogaland. Det opplyser Hovudredningssentralen Sør-Noreg på Twitter.

Tre gutar var om bord. Dei haldt seg fast i fritidsbåten som hadde kantra. Dei er no redda opp på redningsskøyta til Redningsselskapet og er tilsynelatande i god behald, men vil få helsesjekk, fortel Hovudredningssentralen til NRK.

– Tre yngre gutar er våte og litt kjølige, men i god form, fortel Sørvest politidistrikt på Twitter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no