Hopp til innhold

Fredsmøte for Ukraina startar i dag

I dag startar fredstoppmøtet i Sveits, kor fleire enn 90 land og organisasjonar skal diskutera vegen mot fred i Ukraina. Russland deltek ikkje.

Russlands president Vladimir Putin kom fredag med eit forslag om kva som skal til for å starta fredssamtalar. Han vil blant anna at Ukraina skal gi frå seg fire regionar og droppa Nato-søknaden.

– Alle veit at forslaget er ikkje var meint seriøst, sa Tysklands forbundskanslar Olaf Scholz til den tyske TV-kanalen ZDF laurdag.

Ifølge Scholz var Putins forslag eit forsøk på å distrahera i forkant av fredsmøtet i Sveits. Det skriv nyheitsbyrået Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no