Hopp til innhold

Fransk politi har tatt i bruk tåregass mot klimaaktivistar

Fredag morgon brukte fransk politi tåregass mot klimademonstrantar i den franske hovudstaden, skriv AFP.

Demonstrantane protesterte mot det franske oljeselskapet TotalEnergies.

Demonstrantane ropte «Alt vi vil er å velte Total» og «Ein, to og tre grader, vi har Total å takke». Dei demonstrerte blant anna mot selskapet sine prosjekt i Uganda og Tanzania.

Aktivistane sat utanfor selskapet sine lokale i Paris, og blokkerte folk frå å delta på generalforsamlinga.

Foto: ALAIN JOCARD / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no