Frankrike minnast Samuel Paty

Frankrike markerer laurdag at det er eitt år sidan drapet på læraren Samuel Paty. Paty blei drepen med kniv etter å ha vist fram ein Muhammed-karikatur då han underviste om ytringsfridom. Laurdag blir det avduka ein minneplakett ved det franske utdanningsdepartementet, og ei gate ved Sorbonne-universitetet i Paris får namn etter den drepne læraren.

President Emmanuel Macron og statsminister Jean Castex skal møte familien til Paty.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no