Hopp til innhold

Frankrike med nye løfte for å gå vidare etter pensjonsstriden

Frankrike sin statsminister Élisabeth Borne lovar lågare arbeidsløyse og grønare politikk i eit forsøk på å få det franske folket til å leggje pensjonsstriden bak seg.

Onsdag presenterte ho regjeringa sin politikk dei neste 100 dagane. Mellom løfta til Borne er kampen for betre tilhøve i arbeidslivet, lågare arbeidsløyse og meir miljøvenleg industri.

– Regjeringa trur på konkrete resultat. Vi må skape framgang på alle område, og eg håpar vi skal vise framsteg som vil vere handfaste og tydelege for det franske folket, sa statsministeren.

Borne har vore president Macron sin frontkrigar og den som har leia kampen for pensjonsreforma i nasjonalforsamlinga. Reforma vart vedteken gjennom eit presidentdekret, då det var høgst usikkert om voteringa hadde støtte frå fleirtalet. (NTB)

Elisabeth Borne
Foto: BERTRAND GUAY / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no