Framskundar dose tre
Regjeringa endrar intervall mellom dose 2 og oppfriskingsdose frå seks månadar ned til fem månadar for alle over 45 år, skriv regjeringa i ei pressemelding.
Det gjelde også vaksne med alvorlege underliggande sjukdommar og tilsette i helse og omsorgstenesta.
– Vi har aukande smittepress i samfunnet, og fleire kan difor bli alvorleg sjuke. Presset på helsetenesta er også stort. Folkehelseinstituttet anbefaler difor kortare intervall mellom dosane, ned mot 5 månader, så langt det er kapasitet i kommunane. Regjeringa følger denne anbefalinga. Det vil gi den enkelt betre beskytting og kunne reduserer presset på helsetenesta, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.