Hopp til innhold

Forsvarssjef stiller i pride-parade

Eirik Kristoffersen blir den første norske forsvarssjefen som deltar i Pride-paraden.

Grunna pandemien blir det i år ingen store folkesamlingar i Oslo som marsjerer med regnbogeflagg under Pride. I staden for blir det lagt opp til ein mobil parade den 26. juni. Der vil forsvarssjef Eirik Kristoffersen delta frå eit militært køyretøy, skriv Forsvarets Forum.

– I Forsvaret er alle tilsette like mykje verd uavhengig av bakgrunn, tru eller seksuell legning. Derfor stiller eg opp i Pride, seier forsvarssjefen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no