Hopp til innhold

Netanyahu får kritikk av eigen minister

Israel sin forsvarsminister Yoav Gallant gjekk i dag hardt ut mot den pågåande rettsreforma i Israel.

– Israel står overfor større tryggleiksutfordringar enn nokon gong før. Reforma må stoggast, sa Gallant på ein pressekonferanse laurdag.

Forsvarsministeren, som er medlem av statsminister Benjamin Netanyahu sitt parti Likud, braut med partilinja. Tryggleiksminister Itamar Ben-Gvir har bede Netanyahu fjerne forsvarsministeren etter utsegnene.

Israelske medium melder om 200.000 demonstrantar i gatene i Tel Aviv i dag.

– Vi er her i dag for å vise støtte til som støttar verdiane dette landet er tufta på, seier ein av dei til AFP.

Politiet har mellom anna brukt vasskanonar mot folkemengdene.

Demonstrasjonane tok til i januar, etter at statsminister Netanyahu presenterte ein rettsreform som regjeringa då sa var naudsynt for å balansere makta mellom lovgjevarar og rettsvesenet.

Regjeringa er den mest høgrevridde nokon sinne i Israel. Statsminister Netanyahu har sagt at han vil trygge sivil- og minoritetsrettar.

Israel Politics
Foto: Ariel Schalit / AP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no