Forpliktar seg til null utslepp

Verdas største oljeeksportør, Saudi-Arabia, har lova å kutte karbonutslepp til null innan 2060, skriv BBC. Kronprins Mohammed bin Salman sa at Gulf-staten vil investere meir enn 180 milliardar dollar for å nå målet. Likevel sa han at landet framleis vil produsere olje i fleire tiår framover. Kunngjeringa kom få dagar før klimatoppmøtet i Skottland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no