Hopp til innhold

Fornøgd trass forskingskutt

Forskingsrådet får mindre pengar enn i år i forslaget til statsbudsjett for 2023.

Kunnskapsdepartamentet aukar løyvingane til rådet, men fleire av dei andre departementa reduserer sine postar.

Forskingsrådet seier seg likevel nøgd med budsjettet fordi regjeringa vil gje rådet fullmakt til å nytte tidlegare gitte budsjettmidlar til formål som dei opphaveleg ikkje var gitt til.

«Regjeringa meiner at einskilde postar må kunne ha negative avsetningar fram til forslag til ny budsjettmodell kan leggast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2024», skriv regjeringa i budsjettet.

Det har vore ein lengre strid om forskingsrådets budjsetteringspraksis der dei har lova bort midlar til langsiktige forskingsprosjekt gjennom det som blir kalla «avsetningar».

– Dette er svært gode nyheiter for heile forskiings-Noreg, seier styreleiar Kristin Halvorsen i ei pressemelding.

– Fleksibiliteten som regjeringa skildrar i statsbudsjettet for 2023 gjer at vi ikkje treng å gjere ytterlegare tiltak no, og det er ei viktig avklaring, seier Halvorsen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no