Forlengjer koronarestriksjonar

New Zealand sin største by kjem til å ha koronarestriksjonar i minst to veker til, varslar styresmaktene.

Auckland har vore under strenge restriksjonar sidan eit smittetilfelle vart registrert 18. august. Restriksjonane inneheld blant anna påbod om heimekontor, heimeskule og forbod mot å møtast fleire enn ti. Det har vore fleire regelbrot, noko statsministeren i landet Jacinda Ardern, åtvarar mot.

– Vi finn ikkje berre på reglar, dei er basert på råd frå helsemyndigheitene, seier ho.

Med sine 1,7 millionar innbyggjarar, har byen hatt 2.005 registrerte smittetilfelle i løpet av pandemien.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no