Hopp til innhold

Forlengjer fristen i USA

Kongressen i USA har overraskande vedteke at å forlenge fristen for semje om budsjettet med 45 dagar.

Dermed blir det truleg ikkje nedstenging av det offentlege samfunnet med det første.

Men eit av krava om pengestøtte til Ukraina er fjerna frå forslaget og det kan kanskje hindre ei godkjenning i Senatet.

2 millionar statstilsette stod i fare for å bli permitterte og dermed stå utan løn.

Fristen for å bli samd om eit nytt statsbudsjett går eigentleg ut ved midnatt lokal tid laurdag, klokka 6 søndag morgon norsk tid.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no