Hopp til innhold

Forbyr menneskerettsorganisasjonar

Israel stemplar seks framståande palestinske menneskerettsgrupper som terrororganisasjonar. Det inneber i praksis eit forbod mot organisasjonane. Dette blir omtalt som eit kraftig opptrapping i Israel sine mangeårige forsøk på slå ned på politisk aktivisme i dei okkuperte palestinske områda.

Vedtaket frå forsvarsdepartementet ser ut til å bane veg for at Israel kan ransake organisasjonen sine kontor, gjennomføre beslag, arrestere tilsette og kriminalisere offentleg støtte til dei.

Dei seks organisasjonane er Union of Palestinian Women's Committees (UPWC), Addameer, Bisan Center for Research and Development, Al-Haq, Defense for Children International – Palestine (DCI-P) og Union Of Agricultural Work Committees (UAWC).

Dei fleste av desse dokumenterer menneskerettsbrot frå både av israelske og palestinske styresmakter.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no