Forbruksgjelda aukar
Den totale forbruksgjelda i Noreg er på 151 milliardar kroner, og den renteberande delen utgjer 128,4 milliardar. Det er ein auke på 1 milliard samanlikna med same periode i fjor, skriv Norsk Gjeldsinformasjon i ei pressemelding.
– Det er størst auke i kredittkortgjeld som ikkje blir betalt ved forfall, og med det blir renteberande. Dette saman med auken i forbrukslån kan tyde på at fleire er i ferd med å få ein strammare økonomi, seier dagleg leiar Svein Ove Karstensen i pressemeldinga.