Forbod mot demonstrasjon i Zimbabwe
For tredje gong på under ei veke la politiet i Zimbabwe ned forbod mot ein demonstrasjon. Det var opposisjonspartiet MDC som organiserte demonstrasjonen mot regjeringa. Det har vore uro i landet etter at prisane på drivstoff og mat har auka kraftig.