Hopp til innhold

Folkehøgskule aukar innbyggjartal

Frå hausten blir det etablert ein folkehøgskule i Mausund på trøndelagskysten. Dermed aukar innbyggjartalet med godt over 50 prosent, skriv Nationen.

I dag bur det knappe 200 innbyggjarar på Mausund i Frøya kommune.

Øyrekka folkehøgskole får på sikt 100 elevar og kring 20 tilsette.

Inntil det nye skuleanlegget står ferdig om nokre år, skal ein stor husbåt vera skule og internat for elevane.

(NTB)

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no