Folk forlèt vaksinesentera i Bergen

Opp mot 20 personar har forlate vaksinestasjonar i Bergen torsdag og fredag fordi dei ikkje ville ha Moderna-vaksinen, skriv Bergens Tidende.

Kommunen har denne veka fått 13.000 dosar med Moderna og 4500 dosar Pfizer. Mange får derfor tilbod om Moderna som dose to, noko fleire er skeptiske til.

Preben Aavitsland i FHI seier til avisa at sidan vaksinane er nesten heilt like, er det ingen risiko ved kryssvaksinering.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no