Hopp til innhold

FN: Tre av fire av verdas befolkning eig ein mobiltelefon

73 prosent av verdas befolkning over ti år eig ein mobiltelefon. Det viser ein ny rapport frå FNs internasjonale telekommunikasjonsunion, melder AFP.

– Mobiltelefonen er den mest vanlege inngangen til internett. Talet på kor mange som eig ein mobiltelefon er difor ein indikator på kor mange som har tilgang til nettet, sa unionen i ei fråsegn i samband med lanseringa av rapporten.

På same tid understreka dei at eigardelen er høgare enn internettbruken, særleg i fattige land, der breiband er dyrt.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no