FN: Bistandsarbeidar drepen i Etiopia
Ein bistandsarbeidar er bortført og drepen i den urolege regionen Amhara i Etiopia, opplyser FNs nødhjelpskontor.
Så langt i år er åtte hjelpearbeidarar drepne i området, seks av dei i Amhara.
Ulike væpna militsar i Amhara bruker bortføring som pressmiddel for løysepengar eller politiske krav. Regjeringa i Etiopia har sagt at dei vil ta grep mot den stadig meir utbreidde praksisen, men dei har avgrensa kontroll i regionen.
(NTB)