FN uroa for vald i Myanmar

FN seier dei er uroa over valden i delstaten Chin i Myanmar.

Tusenvis av menneske har måtte forlate heimane sine på grunn av kampar mellom tryggingsstyrkar og motstandarar av juntaen som tok makta i februar.

– Vi ber alle involverte partar om å legge til rette slik at FN og humanitære organisasjonar kan få komme til med naudhjelp, seier ein talsmann for FN i Myanmar til Reuters.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no