Hopp til innhold

FN krev handling

FN krev umiddelbar handling for å redde liv og unngå liding på grensa mellom Kviterussland og EU-landa.

FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) seier det så langt har vore åtte dødsfall på grensene mellom Kviterussland og EU-landa Latvia, Litauen og Polen.

– Det er uakseptabelt at folk har døydd og at liva til andre heng i ein tynn tråd, seier Pascale Moreau, UNHCRs Europa-koordinator.

Dei blir heldt som gislar av ein fastlåst politisk situasjon som må løysast no, legg han til.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no