Hopp til innhold

Flyplass stengt etter buklanding

Jomo Kenyatta-flyplassen i Nairobi i Kenya er stengt etter at eit innanlandsfly buklanda der i dag. Det er ikkje meldt om skadde. Det var ein Fokker 50 frå selskapet Skyward som ikkje fekk ut landingshjula. Alle innkomande fly er omdirigerte til hamnebyen Mombasa.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no