Fire omkom i flykollisjon
Fire menneske er stadfesta omkomne etter ein kollisjon mellom eit helikopter og eit lite fly i Buckinghamshire i England i ettermiddag. Årsaka til kollisjonen er førebels uklar.
Eit fly og eit helikopter har krasja i lufta i England.
Fire menneske er stadfesta omkomne etter ein kollisjon mellom eit helikopter og eit lite fly i Buckinghamshire i England i ettermiddag. Årsaka til kollisjonen er førebels uklar.
BBC melder at fire personar kan ha forulykka då eit Cessna 152-fly og eit helikopter kolliderte i lufta over Buckinghamshire i England i ettermiddag. Politiet har ikkje gitt offisielle tal på omkomne eller skadde.
Tre menneske har truleg mist livet etter at eit småfly og eit helikopter kolliderte i lufta over Buckinghamshire i England i ettermiddag. Det var to personar i flyet, medan piloten var åleine i helikopteret, melder The Telegraph.
Luftfartsstyresmaktene i Storbritannia stadfestar ein kollisjon mellom eit fly og eit helikopter i Aylesbury i Buckinghamshire i England. Det er uklart kva type fly og helikopter det er snakk om og kor mange som var om bord.
Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.