Hopp til innhold

Fly kolliderte i lufta i Sør-Korea

Tre menneske omkom og ein blei skadd då to fly frå Sør-Korea sitt flyvåpen kolliderte i lufta under trening fredag. Det skriv NTB.

Dei to flya av typen KT-1 styrta i fjellsida utanfor byen Sacheon etter kollisjonen, opplyser redningsetaten i landet.

Totalt var det fire personar om bord i flya. Den fjerde personen er funne skadd.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no