Fleire vil ha OL i Tokyo

I Japan er det no fleire enn før som støttar gjennomføringa av OL i Tokyo.

I ei spørreundersøking frå avisa Yomiui Shimbun svarer 50 prosent at dei vil ha OL etter planen, medan 48 prosent ikkje vil ha leikane.

I ei tilsvarande undersøking i mai ønskte 59 prosent å avlysa OL.

Arrangementet skal starta 23. juli.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no