Hopp til innhold

Fleire trekker seg frå Johnson si regjering

Statssekretæren i det britiske barne- og familiedepartementet Will Quince trer av. Meldinga kom like etter at sekretæren i det britiske samferdselsdepartementet, Laura Trott, også går av. Det melder Reuters.

Begge oppseiingane er grunna i mistillit mot statsminister Boris Johnson.

– Eg hadde ikkje noko anna val enn å levere mi oppseiing, seier Quince i ei lengre fråsegn publisert på Twitter.

Mange har ytra mistillit mot Boris Johnson etter at det blei klart at Johnson visste at innpiskar Chris Pincher hadde varsel for seksuell trakassering mot seg.

Quince har tidlegare forsvara Johnson for handteringa av Pincher. Idet det blei klart at Johnson likevel visste om varselet, såg han ingen moglegheit til å halde fram.

Like før klokka 11, blei det klart at også statssekretæren i det britiske utdanningsdepartementet, Robin Walker, går av.

Med dei siste oppseiingane har det til saman vore 13 ulike regjeringsmedlemmar som har fråtredd sine stillingar sidan tysdag.

Tysdag leverte finansministeren Rishi Sunak og helseministeren Sajid Javid sine oppseiingar.

Like etter tok Nadhim Zahawi over posten som finansminister i Johnson si regjering. Han overtar styringa over ein økonomi som slit med høg inflasjon.

Oppseiingane skjer ikkje lenge etter at det storma rundt Boris Johnson etter den såkalla «partygate»-skandalen, då statsministeren hadde festa med fleire andre under nasjonal nedstenging.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no