Fleire tok kontakt med Mental Helse i 2022
Mental Helse fekk 374.000 meldingar i 2022 frå menneske med behov for nokon å snakke med om psykiske plager. Dette er ein auke på 25.000 fleire enn i 2021, skriv P4.
Det er særleg no krig og dårlegare økonomi som gjer at folk slit, fortel dagleg leder for svartenestene, Aslaug Timland Dale. Mental Helse peikar også på koronapandemien som ein årsak til at fleire slit, og viser mellom anna til faktorar som å ha mista sosiale arenaer og rutinar ein tidlegare hadde.