Hopp til innhold

Fleire skadde i skyting i Texas

Seks personar er skadde etter ein skyteepisode i parken Settlers Park i byen Round Rock i Texas.

Seks personar er sendt til sjukehus med potensielt alvorlege skadar, skriv lokalt politi på X. To av dei skadde er barn.

Politiet har ikkje pågripe nokon mistenkt, skriv dei på X.

Denne helga har Juneteenth, markeringa av opphevinga av slaveriet i USA, gått føre seg i Settlers Park i byen Rock Round.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no