Hopp til innhold

Fleire skadde i eksplosjon

Rundt 25 personar er sendt til sjukehus etter ein eksplosjon i ein bygard i Göteborg, melder Sveriges Radio.

Minst fire av desse skal vere hardt skadde, ifølge Sahlgrenska sjukehuset.

Eksplosjonen skjedde like før klokka fem tysdag morgon. Det brenn også i fleire hus.

Politiet etterforskar det som ei særskild hending. Dei utelukkar at det er snakk om ein gasslekkasje eller liknande, skriv SVT.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no