Fleire skadde i Aust-Jerusalem

AFP melder at fleire er skadde i Aust-Jerusalem i Sheikh Jarrah i eit bilangrep. Fire politibetjentar skal vera skadde. Angriparen skal vera skoten.

Sheikh Jarrah har i fleire veker vore åstad for ein hissig konflikt mellom israelarar som hevdar at bustadane er deira, og palestinske familiar som risikerer å bli kasta ut av bustadane der dei har budd i generasjonar.

Bilangrep ved Sheikh Jarrah
Foto: Menahem Kahana / AFP

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no