Fleire menneske drepne i eksplosjonar i Afghanistan
Eksplosjonar i den afghanske byen Mazar-e Sharif skal ha drepe minst ni, ifølgje lokale styresmakter. Kort tid etter vart fleire drepne i ein eksplosjon i Kabul.
Eksplosjonane i Mazar-e Sharif i den nordlege Balkh-provinsen såra også 15 menneske, opplyser ein talsmann for provinssjefen til nyheitsbyrået Reuters onsdag.
Det var plassert sprengladningar i tre minibussar, opplyser politiet til nyheitsbyrået DPA.
– Alle offera er sivile kvinner og barn. Vi legg framleis inn skadde og prøver å redde livet deira, sa ei kjelde ved sjukehuset til nyheitsbyrået.
Ein annan eksplosjon ramma kort tid etter ein moské i Kabul. Minst fem personar skal vere drepne og fleire såra.
Minst 22 skadde er frakta til eit sjukehus drive av den italienske organisasjonen Emergency i Kabul. Fem var døde då dei kom til sjukehuset, opplyser organisasjonen.
(NTB)