Hopp til innhold

Fleire klagar på oppfølging av skulemiljøsaker

Hausten 2022 blei det meldt inn 854 skulemiljøsaker til statsforvaltaren, viser tal frå Utdanningsdirektoratet.

Det er ei auke på 266 saker samanlikna med same tid i fjor, skriv Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.

I ni av ti saker som blei behandla fekk elevane medhald i at skulane ikkje hadde gjort nok.

Samtidig som åtte av ti elevar trivst på skulen, aukar delen av elevar som opplever mobbing på både 7. trinn, 10. trinn og på første året på vidaregåande skule.

– Barna våre må ha det bra og vera trygge, for å læra. Me kan ikkje akseptera at så mange elevar og foreldre opplever at skulen ikkje følger godt nok opp når ein elev ikkje har det trygt og godt på skulen, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no