Hopp til innhold

Fleire døde etter gasseksplosjon i Sibir

Minst seks menneske mista livet i ein gasseksplosjon i eit bustadbygg i Sibir i Russland, ifølge styresmaktene i landet.

Ni andre bebuarar er skadde, fem av dei alvorleg, melder nyheitsbyrået Tass, som siterer russisk sivilforsvar.

Eksplosjonen skjedde søndag kveld i byen Nizjnevartovsk.

Den førebelse forklaringa er at eksplosjonen blei utløyst av ein lekkasje frå ei gassflaske som eksploderte i den andre etasjen i bygninga.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no