Hopp til innhold

Fjernar russisk valapp

Google og Apple har fjerna ein russisk app frå butikkane sine, melder Reuters.

Appen gir råd om korleis folk kan stemme taktisk i det russiske valet for å ramme kandidatar som er støtta av regjeringspartiet.

Det er støttespelarane til Kreml-kritikaren Aleksej Navalnyj som har utvikla appen.

Russland har skulda teknologiselskapa for å ha blanda seg inn i valet ved å tilby appen.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no