Hopp til innhold

Fjernar anbefaling om å utsette pride-arrangement

Den nasjonale anbefalinga om å utsette pride-arrangement opphøyrer, melder Politidirektoratet.

I går anbefalte politiet å utsette pride-arrangement, sidan trusselen mot det skeive miljøet fortsatt vart vurdert som ekstraordinær.

I ettermiddag nedjusterte politiet terrortrusselnivået i Noreg til nivå 4. Derfor blir anbefalinga om å utsette no fjerna.

– Politidistrikta vil sjølv gjere risikovurderingar knytt til enkeltarrangement og handtering av store folkesamlingar basert på det overordna trusselbiletet og lokale forhold, seier politidirektør Benedicte Bjørnland.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no